Logg inn 
  • Søk:



  • NAF / Artikler / Fisk / Killis / Lamprichthys Tanganicanus



    Right menu

    Akvaristiske Aktiviteter

    Jæren: 20 års jubileum for Jæren Akvarieklubb 04. september 2010

    Lørdag 4.september vil Jæren Akvarieklubb feire 20 års jubileum.

    Sted: Lyse sine lokaler ved Tronsholen i Sandnes.

    Drammen: Maratonauksjon 25. september 2010

    Lørdag - store lokaler 2. etasje Ungdommens Hus


    Lamprichthys Tanganicanus

    Stein Arild Høyland

    Lamprichthys tanganicanus, Tanganyika-killien, finnes bare i Tanganyikasjøen, der den første gang vart oppdaget i 1959. Dette er ein av dei største, eller den største, killien som ein veit om, med hannen sine bortimot 15 cm som fullvaksenn. Killien er ein stimfisk som lever i klippekyst-området, og den er aldri funnet over sandbotn.

    Vannkravet til denne killien er det same som for resten av Tanganyikasjøens fiskene, med ein pH på rundt 8 og ein dH på circa 10. Det virker som om dei er tåligt fleksible, for mine går i ein pH på ca. 7,8 og ein dH på null, men eg har derimot ein kH på ca. 15. Temperaturen ligg på 25 grader.

    Fisken er litt var overfor medborgarane, og disse bør derfor ikkje være for store eller tøffe. Tanganyika-killi hannen er eit nydelig syn med sin sølvfarga kropp som er nærmest fullstendig dekka av sjølvlysande blågrønne og gule prikker. Finnane er dekket av gule prikkar. Gattfinnen til hannen dekker nærmest undersiden på fisken, da den starter rett bak brystfinnene og slutter ved haleroten. Hunnen er sølvfarget med ei litt mørkare stripe langs midtlinja. Fiskene er altetende og gode på maten, men dei setter stor pris på å få litt levende for. Det er først da ein får sjå fisken i dens rette natur. Fiskene fyke fram og tilbake i karet på leting etter byttedyr, napper litt her og litt der på sin evige runddans.

    Mine Tanganyika-killi går i eit 150 liters akvarium i lag med 20-30 Neolamprologus multifasciatus i forskjellige størrelser. Akvariet er oppbygd med ei stor steinrøys som består av vanlig stein, med ein del skiferheller innimellom. Skiferhellene er lagde lagvis for å få eindel små, djupe sprekkersom killien kan skjule dei befrukta egga inni. Dette er nødvendig i naturen da fisken ikkje passer på egga, og egga er så store som eit fyrstikkhode.. Med denne størrelsen er dei eit alt for lette å finne for rovfisk.

    Før eg la ned skiferhellene så eg aldi nokon egg etter at leken var over. Dei var da for lette å finne for både N. multifasciatusane og for dei andre Tanganyika-killiene. Hunnene legger eller skyter ca. 15-20 lyse egg under hver lek inn i mellom skiferhellene. Hannen slynger seg rundt hunnen under leken. Egga ligger der i opptil ein 14-dagers tid før dei blir klekte, og ungane er da ca. ein halv cm. Yngelen går rett opp til overflaten, og lever der (blir oppspist) til de er 2-3 cm, før dei begynner å ta i bruk det mellomste vannlaget slik som resten av stimen. Ungane spiser levende artemia fra starten av.

    PS: For å ta vare på egg og yngelen, svarer det seg å ta å samle opp eindel av egga og å la dei bli klekte i ein annan beholder enn der foreldrefiskene går.