Logg inn 
  • Søk:



  • NAF / Artikler / Diverse / Drømmeakvariet




    Drømmeakvariet

    Det startet med at eg så eit tomt utstillingsakvarium i ein leketøysforretning. Akvariet hadde sprukket i botn, men det brydde eg meg ikkje om pga. at det var fronten og bakruta som eg var interessert i. Måla på akvariet var L:180 cm, B:40 cm og H:80 cm.

    Etter mye om og men fekk eg kjøpt akvariet for 400 kroner, fekk det heimkjørt og skar rutene fra hverandre. Ny botn og nye sideruter blei bestilt, men nå på en meters bredde. Akvariet blei dermed på 1400 liter. Rutene kom, akvariebenken var ferdig og silikon var innkjøp. Så kom det store øyeblikket; akvariet skulle limast i saman. Det var trommet saman ein god gjeng til å halda glassa pluss ein "proff" til liminga. Det gjekk over all forventning, og i løpet av eit par timer var vi ferdig.

    Så to dager seinare oppdages det at ein hadde brukt silikon med mugghindrende middel i. All silikon måtte skjærest vekk for å kunne lime på nytt med ufarlig silikon. Akvariet sto til herding i 6-7 dager før eg fylte det opp med vatn, og hipp hipp hurra - det var tett!

    Ti dager sienare høyrde eg eit brak fra akvarierommet da eg skulle på arbeid. Eg kikket inn i rommet, og såg at vannspruten sto ut fra bakruta - den hadde sprukket. Heldigvis hadde eg ikkje begynt å innrede det ennå. Nytt mannskap blei tilkallt for å flytte akvariet ut fra veggen slik at bakrutenn kunne skjerast i fra. Det gjekk kjempegodt heilt til bakruta kom utfor akvariebenen. Da datt det ned eit stort stykke av ruta og rett på foten til ein av medhjelparane. Nå var det rett på legevakten og så til sjukehuset. Han hadde fått kuttet av ein sen på foten. Seks veker i gips.

    Ny rute vart bestilt, akvariet blei limt og vart tett. Innredningen blei lagt i glassfiber, og malt med epoxymaling. Akvariet vart nydelig, men epoxymalingen ville ikkje strøkne heilt, og forgiftet fiskene. Innredningen blei kastet, og nå skulle det isopor-innredning inn. Isoporen blei innkjøpt, skåret og raspet til. Deretter vart det heile dekket med "Allfix" mursparkel. Innredninga såg meget naturtro ut. Det var kun eit minus - pH på 13-14! Akvariet sto nå i tre måneder med jevne vannbytter før eg fekk pH ned i 9, og dermed kunne det brukes til Malawi-ciklidene mine.

    Så fungerete akvariet kjempegodt i to år, før det begynte å lekke litt i det ene hjørnet. Akvariet vart tømt, limt eit par ganger, og så fungerte det godt i ett års tid igjen Så var det tid for flytting. Akvariet var alt for stort til å få ut av døra, så det måtte skjærast fra hverandre. Seks måneder etter at eg var kome inn i det nye huset, var akvariet oppsettt med kun en omliming. Det var innekledd med panel, ny isopor-innredning, og såg skikkelig bra ut.

    Akvariet fungerte bra, og etter fem måneder var det skikkelig innkjørt, plantene var fine, algene under kontroll og fiskene hadde begynt å formere seg. Da skjedde det en ny lekkasje. Nå, eit halvt år etter , er akvariet igjen tett, og skal settes på plass att, før eg kjøper ny panel slik at det blir innekledd.

    Hva bringer fremtiden ?

    PS: Eg har lagt våtromsbelegg og sluk i gulvet.

    Stein A. Høyland

    Jæren Akvarieklubb